HEIM FRAMSIDA INNHALD FORORD INNLEIING DEL 1 DEL 2 DEL 3 AVSLUTNING KJELDER


AVSLUTNING

Erfjordbygda var heilt avhengig av sjøvegen i 1950- åra og utover i 1960-åra. Rutebåtane var det viktigaste transportmiddelet. Dei hadde ruter på Stavanger - Erfjord og mellomstader. Fraktefartøy førte og ein del varer, desse fartøya gjekk i kombinasjonsdrift fraktefart/fiske.

 
Erfjord
Kveldsstemning ytst i Erfjorden
Rutebåtane førte det meste av varene til bygda, alt som trongst i dagleglivet. Mesteparten av dette gjekk gjennom handelsmennene. Fraktefartøy førte partilast, ferdigskorne hus, dessutan sand, både støypesand og skjelsand.

Rutebåtane førte og det meste av varene ut fjorden. Viktige varer var slaktedyr, frukt av ymse slag. Fraktefartøy førte ved, dessutan større trelastparti t.d. løer som var skorne på sagbruk i Erfjord.

Frå 1947 til 1966 gjekk ei mjølkerute som transporterte mjølka til meieriet på Sand. Denne ruta førte og andre varer.

Også når det galdt innanbygds kommunikasjon, var båten uunverleg. Så og seia alle husstandar hadde båt, i alle høve ein robåt. Det var nødvendig for å koma frå eine delen av bygda til den andre. Viktige personar som dokter, lensmann og prest måtte koma med transport sjøvegen.

Bygda har eit båtbyggeri fra 1946. Der har dei bygt fleire fiskefartøy, dessutan drive med reparasjon av fartøy.

Mannskapet på rutebåtane var for det meste frå Ryfylke. Mange frå Erfjord hadde slikt arbeid.

Folk var avhengige av rutebåtane når dei skulle ha seg ein bytur. Mest reising var det om hausten rundt markenstider, ein del også før jul. Byreiser var gilde reiser.

Når så båten kom inn om kvelden, var det samlingstid på kaien. Folk møtte opp for å treffast, sjå på livet og elles gjera ymse ærend.

 
Erfjord
Westamaranen Sauda legg ut frå Hålandsosen
Erfjord har alltid vore sterkt knytt til sjøen, og sjøvegen har hatt svært mykje, ja så godt som alt å seia fram gjennom tidene. Slik var det og fram til 1965 då Ryfylkevegen vart opna.

Korleis er det så i dag når Ryfylkevegen går beint gjennom bygda og folk flest har fått seg privatbilar? Står sjøvegen framleis sterkt? Det følgjande vil gje ein peikepinn om det:

Erfjord fekk Westamaranrute frå 1. januar 1979. Då båten kom inn første dagen i ruta, møtte alle skuleelevane opp på kaien med musikk-korpset i spissen. Hadde det ikkje vore for kulden, -13 grader, hadde det vorte musikk. I staden vart det ropa hurra og mannskapet fekk konfekt, med andre ord almenn glede.

I dag vil DSD som nå har rutetrafikken i heile Ryfylke, sløyfa Erfjord på denne ruta. Grunnen er den nye vegen til Nesvik. Det er meininga å setja opp bussruter dit i korrespondanse med båten. Men folk reagerer. Det har vore mange avisinnlegg, eit almannamøte har vedteke resolusjon og sendt av garde ein mannsterk delegasjon til DSD for å tala bygda si sak. Alle er redde for å missa dei fordelene det er å ha westamaranruta.

Det har og vore på tale med innskrenkingar i ei lasterute som går to dagar i veka, noko som har vekt reaksjonar i same retning, ikkje minst blant dei to handelsmennene i bygda.

Konklusjonen må bli: Ingen tvil om at sjøvegen framleis står sterkt. Folk har tru på sjøen som transportveg også i framtida.

Forrige Innhald Neste