HEIM FRAMSIDA INNHALD FORORD INNLEIING DEL 1 DEL 2 DEL 3 AVSLUTNING KJELDER




Del 1

 

INNLEIING

Bygda hadde altså tre hovudtypar av samband på sjøen: Rutefart, fraktefart og mjølkeruta. Eg vil her presentera to av dei, rutefart og fraktefart. Dessutan vil det vera naturleg å ta opp litt om fiske sidan fraktefarten var ein del av kombinasjonsdrifta fraktefart og fiske.

Hovedmønster for rutene

RUTETRAFIKK

Hålandsosen
Hålandsosen ein juledag tidleg på 70-talet
Hovedmønsteret for rutetrafikken i Ryfylke fram til 70-åra var dei mange og lange rutene samla om Stavanger. Dei starta innanfrå om morgonen og var framme i byen utpå føremiddagen i 10-11-tida etter å ha vore oppom mange stoppestader.Så returnerte dei frå Stavanger vanlegvis i tre-tida om ettermiddagen, hadde same ruta innover og var framme ved endestaden for ruta om kvelden, anten det nå var Sauda, Erfjord eller Vadla.

Frå Erfjord gjekk båten i 6-tida om morgonen og kom til byen mellom 10 og 10.30, ei reis på omlag fire timar. Klokka 3, sommarstid klokka 4, gjekk båten frå byen og var framme i Erfjord i 7-8-tida. Torsdag var det lasterute. Då gjekk båten frå byen i 9- tida og kom til Erfjord i to-tre-tida. Søndag var det andre ruter. Båten gjekk frå Erfjord i fire-tida til Stavanger. Dette var helst ei rein passasjerrute som gjekk oppom mange stader og samla opp folk. Etter å ha levert "passasjerlasta" i Stavanger utpå kvelden i åttetida, gjekk båten tilbake til Erfjord for å ta ruta måndags morgon. Dette var mønsteret for dei fleste rutene i Ryfylkefjordane.

Stoppestader i Erfjord

I Erfjord var det fire faste stoppestader for rutebåten, nemleg Bogsund, Erøy, Hålandsosen og Vik. (I eldre tider gjekk båten også oppom Tednes slik at det var fem stoppestader). På alle desse fire stadene var det handel dvs. handelsmenn med kvar si krambu. I dag er det to faste stoppestader og tilsvarande to krambuer tilbake nemleg Hålandsosen og Erøy. Båten starta frå Vik om morgonen og gjekk så oppom Hålandsosen, Erøy , Bogsund for han for vidare utover. Om kvelden var det same stadene i motsett rekkjefølgje.

Ekstraruter med last

Hålandsosen
Hålandsosen
Dette var altså det faste rutemønsteret. Men det hende at det vart oppsett ekstraruter både for passasjerar og last. I 50-åra gjekk det ei lasterute for frukt tre vekers tid om haustane i september/oktober. Det var i Jøsenfjord Rutelag sitt konsesjonsområde og båten dei brukte var "Hjelmelandsfjord" som var størst. Han gjekk frå byen middagstider og gjorde ein lang rundtur i Ryfylke, var oppom uteljande mange stoppestader og lasta frukt og kom til Stavanger ved midnattstider. Frukta vart lossa rett over i jernbanevogner. Olav Erøy fortel at dei på ein tur med "Hjelmelandsfjord" hadde med over 6000 kassar plommer, kvar kasse på 10 kg.

Ekstraruter med passasjerar

Men det vart og sett opp ekstraruter for passasjerar. Det var serleg i samband med større møte eller stemne ofte på helgedagar t.d. ungdomsstemne Kristi Himmelfartsdag. Båtane gjekk rundt og samla opp folk for så å "avlevera" dei på stemnestaden. Det kunne vera ymse stader i Ryfylke t.d. på ei av øyane. Og så var det retur etter at stemnet var slutt.

 

Det hende nok at ruter vart endra, t.d. avgangs-tider vart flytta o.a., men hovudmønsteret var i store trekk det same. Det var ei glanstid om ein så må seia, for denne typen rutefart med kombinasjonsfartøy for passasjerar og last.

Damp / diesel

RUTEBÅTAR

Hjelmelandsfjord
Hjelmelandsfjord på fjorden
Båttypane varierte. I den første tida med rutefart fram til 1920-åra var det berre dampmaskin til framdrift. "Fisterfjord" i Jøsenfjordselskapet var først ute med dieselmotor. Etter kvart overtok diesel heilt. Behov for større fart og lettare drift gjorde sitt, og etter krigen var diesel einerådande.

Dei gamle svarte dampbåtane kan kanskje verka trege og utrivelege på oss i dag. Men ingen vil vera usamde i at mange av dei var vakre og stilreine båtar. Det var linjer og harmoni i skrogforma.

Bildekk

Ei anna endring var bildekk. Først ute i fjordatrafikken var "Fjorddrott" i DSD, den nye fjordbussen som var eit stort framsteg både når det galdt fart og passasjerkomfort. Seinare kom DSD med "Fjordsol" og "Fjordbris" av omlag same type. Jøsenfjordselskapet følgde opp med "Hjelmelandsfjord" i 1949 og "Årdalsfjord" i 1953. Seinare, i -62, vart "Jøsenfjord" ombygd med bildekk.

Veltilpassa båtar

Det var på mange måtar eit høgdepunkt i utviklinga av båttypar for denne typen rutefart. Jøsenfjordselskapet sin "Hjelmelandsfjord" og "Fjordbris", "Fjordsol" i DSD står kanskje som dei fremste representantar her. Det var båtar som hadde bildekk atterut, store tilpassa passasjersalongar midtskips ofte to over kvarandre og gjerne stort lasterom framme (ikkje på "Fjordsol", "Fjordbris"), dessutan god plass framme under bakken for dekkslast. Oppå bakken var lastebom med vinsj. Det var altså praktiske og veltilpassa båtar som trafikkerte Ryfylkefjordane i dette tidsrommet.

Passasjerkomfort

For passasjerane var det og gode tilhøve. Som nemnt var det to store salongar som på "Hjelmelandsfjord" som nok var den mest populære båten i Jøsenfjord Rutelag sitt konsesjonsområde. Det var "buss" som dei sa, med vindauge rundt det heile. Sitjeplassane var ordna som faste benker, polstra med ryggstø, eller stolar rundt småbord. Her kunne folk samlast, drikka kaffi og drøsa.

Kombinasjon fraktefart og fiske

FRAKTEFART

Erfjord
Erøy med Bog i bakgrunnen
Fraktefart var ein annan del av transportmønsteret for bygda. I eldre tider var det fleire reine fraktefartøy eller føringsfartøy som hadde segl. Mange av dei førte t.d. ved. I etterkrigstida var det få eller ingen tilbake av dei. Det vanlege mønsteret var fartøy , oftast fiskeskøyter, som vart brukte i kombinasjonen fraktefart og fiske. Fartøy-eigaren brukte båten på fiske om vinteren og gjekk i fraktefart om sommaren. Men det var også enkelte fartøy som berre gjekk i fraktefart. Dei låg mykje i ro vinterstid, dels p.g.a. manglande oppdrag, dels p.g.a. ishindringar i fjorden.

Fartøyet ei
attåtnæring

Fartøyet var sjeldan eller aldri hovedleveveg anten det vart brukt i fraktefart eller fiske eller begge deler. For dei fleste sitt vedkomande var det ei attåt- næring til eit småbruk. Det var såleis heller ikkje noko større reiarlag i bygda.

 

I tida etter krigen var det mange slike fartøy i bygda, men rundt 60-talet minka det av for alvor. Det gjekk ut etter naturleg avgang, folk vart for gamle og slutta og nye kom ikkje til. I dag er det berre eitt fartøy som driv slik fraktefart. Det går i sandfart ute i øyane.

Fiske

Fiske var og ei viktig attånæring i bygda den tid fisket var godt på desse kantar. Silda er stikkordet her. Det var ein gullalder for heile fylket denne sildefiskeperioden, og han sette sitt preg pa Erfjord. Mange reiste på fiske, serleg i Karmøydistriktet, vinterstid. Andre leigde vekk fartøya sine eller var med sjølve på fiske i heile sildesesongen oppover på Mørekysten og den vegen. Men silda vart borte og fiske fekk etter kvart mindre å seia. I dag er det berre eitt fiskefartøy som driv meir aktivt. Det er "Bøen Senior" som brødrene Bøen eig. Elles er det mange som fiskar til sine tider, men det heile har meir preg av hobby enn av attåtnæring for dei fleste sitt vedkomande. Tidlegare var det og fleire notbruk som nå er gådde ut.

"Stordøy"

"Stordøy"er eit kjent namn i Erfjord. Sjølv om han ikkje har gått i noko slag fart på Erfjord, så må han nemnast i denne samanhengen. Det er brødrene Bøen som eig båten, og han vart kjøpt av dei i 1946. Dei dreiv det godt på sildefisket med folk og utrustning frå Erfjord så lenge det varte. Då var dei og på Island om somrane. Men uti 1950-åra minka det av med fisket, og dei blei chartra av DSD. Dei gjekk så i lasterute på Sand - Sauda i ca. 20 år. I dag går "Stordøy" i kystfart.

 

OPPSUMMERING

1950 og 1960-åra er høgdepunktet for utviklinga i av denne typen rutefart med kombinasjonsfartøy for passasjerar og last. Ruteopplegget er høveleg for bygdene, hovudmønsteret er: Rutebåt som går innanfrå om morgonen og returnerer frå Stavanger om ettermiddagen. Det er mange og lange ruter samla om Stavanger som er byen for distriktet. Det gjekk også ekstraruter både med passasjerar og last. Fraktefarten var ein del av kombinasjonen fraktefart / fiske. Det var helst fiskeskøyter som dels fiska, dels gjekk i fraktefart når det var oppdrag å få. Etter kvart som fiske minka av, har også fraktefarten minka.

Forrige Innhald Neste