Del 2

 

INNLEIING

Alle varer som bygda trong måtte transporterast inn sjøvegen. Likeeins produkt som skulle sendast ut anten til byen eller andre bygder. Fjorden deler bygda opp så folk måtte i båt når dei skulle frå eine delen av bygda til den andre. I bygda budde verken lensmann, prest eller dokter. Dei laut trasporterast inn utanfrå.

Dei fleste varene gjekk gjennom handelsmennene

VARETRANSPORT

Varene kom til bygda sjøvegen. Det meste gjekk gjennom handelsmennene som var viktige sentralar i å formidla varer til bygdefolket. Den første landhandelen starta opp omkring 1870 i Hålandsosen. Etter kvart kom fleire til. På det meste, i 50-og 60-åra, var det fem krambuer i bygda. Fire av dei låg som nemnt til kai, den femte låg oppe i Fjell-bygda. Det var den som starta opp sist. I dag er berre to tilbake.

Varer til bygda - på rutebåten

Handelsmennene tinga varene frå Stavanger, og det aller meste kom inn på rutebåten. Det var alle slags varer: Kolonialvarer, bruksting til det daglege hushaldet, reiskap av ymse slag, alt frå spiker til økseskaft, ein del malarvarer, til dels og sement. Dessutan hadde handelsmennene varer til gardsdrifta, så som kraftfor og kunstgjødsel. Dei fungerte og som medisinutsal på reseptfrie varer.

Varer kjøpt direkte frå byen

Men sjølv om handelsmennen hadde dei fleste varene som trongst, kunne dei ikkje ha alt. Jernvarer av ymse slag laut kjøpast direkte frå byen. Like eins maskiner og maskindeler, t.d. traktorar då dei byrja å koma. På same måten var det med somme apotekvarer. Den som trong varene laut ringja eller på annan måte ta kontakt med forretninga i byen og tinga dei aktuelle varene som så vart sende inn med rutebåten. Så måtte ein vera på kaien om kvelden og henta. Dersom det var småting, kunne ein få folk som reiste eller einkvan av mannskapet til å handla for seg.

 

Varer til bygda kom eigentleg nokså jamnt fordelt over heile året. Einaste unntaket var kanskje kunstgjødsel om våren då behovet var størst. Det hende at handelsmennene leigde skøyter som høyrde til i bygda for å føra inn dei store lastene som trongst. Men vanlegvis kom det med båten.

Ekstra store transportar

Men det hende nokre gonger at det var spesielt store behov for bestemte varer, t.d. i samband med bygging av ny skule og ikkje minst bygging av brua. All jernkonstruksjon til brua vart ført inn med rutebåten "Hjelmelandsfjord" i ordinær rute, litt kvar gong sjølvsagt. Etter å ha fullført ruta med alle stoppestadene i bygda, gjekk dei inn til Hålandssundet der brua går og lossa. Det vart lange dagar for mannskapet, må vita. Sement til skulen kom på eigen båt, ein kystbåt. Kåre Ur fortel at ein slik båt ein gong lossa 4000 sekker på Vik.

Varer til bygda - på fraktefartøy



Hus

Rutebåten var det dominerande transportmiddelet. Men enkelte varer vart førte inn på andre fartøy. Kunstgjødsel er nemnt. Andre ting var sand og trelast. Mindre parti trelast tok rutebåten. Men om ein nå skulle byggja seg hus, trong ein ganske mykje trematerial og anna utstyr av ymse slag. Dette vart frakta inn med ei skøyte heimehøyrande i bygda. Husa kom helst frå Sandnes eller Stavanger, ferdig tilskorne. Dessutan trong ein støypesand som og kom på eige fartøy, gjerne frå Jøsenfjorden der det var to-tre sandtak i denne tida. Olav Erøy fortel at han fekk sand til sine husgrunnar i -48 frå Forsand.

Skjelsand

Skjelsand måtte hentast utanbygds. Den fanst ute i øyane og nord i Bergensleia. Både innanbygds fartøy og andre gjekk i skjelsandfart på Erfjord. Eit fartøy kunne t.d. ha anna last nordover til Bergen, og tok ei last skjelsand med tilbake. Elles var det skøyter som grov skjelsand og for rundt i Ryfylkefjordane og baud fram for sal, eller leverte laster som var tinga på førehand. Dette var helst utanbygds fartøy.

 

Det kan og nemnast at sand til Vegvesenet for støyping og strøying kom på fraktebåtar. Det gjer han forresten framleis til ein viss grad. Sanden blir lossa i Hålandsosen og køyrt inn til ein opplagsplass ved brua.

Oppslutning om rutebåtane

Sjølv om ein del varer kom på fritt opererande fraktefartøy, så var tendensen at stadig større del av varetransporten inn fjorden kom med rutebåten. I tidlegare tider hende det at handelsmennene fekk t.d. mjøl, kraftfor på fraktefartøy. Men det tok slutt. Folk forstod at skulle ein få tilfredstillande ruter,så måtte ein gi rutebåtane noko å føra. Det vart altså ei sterk oppslutning om rutebåtane, så dei fekk stadig meir å seia.

Varer ut av bygda på rutebåten

Men varer skulle ut or bygda og, serleg i slaktetida og i bær- og fruktsesongen. Fruktrutene er nemnde. Dei gjekk rett nok ikkje til Erfjord. Men det var mykje fruktdyrking i Erfjord i dei tider, etter krigen. Det er mindre nå. Mange hadde frukta som ei attåtnæring for å klara seg betre. All denne frukta vart sendt ut av bygda med den vanlege rutebåten. Ein god del av det var plomme som det alltid har vore mykje av i Erfjord, dessutan eple og pære. Fruktsesongen byrja sommarstid med bær, rips t.d. og varte til slutten av oktober med eple og pære som det siste.

 

Men så var det slaktesesongen om haustane. Det var ei livleg tid på rutebåtane, bokstaveleg talt. Alt skulle leverast i byen på slakthuskaien. Det var hektiske tider både for bønder og båtfolk. Bøndene måtte vera på kaien med slaktedyra om morgonen. All den tid båten gjekk i 5-6-tida om morgonen skjønar me at det nytta ikkje å liggja frampå om ein skulle koma på kaien tidsnok med buskapen. Det var knapt nok tid til å leggja seg. Kanskje gjekk det an for folk som budde nær kaien. Men for t.d. bøndene oppe i Fjell-bygda var det verre. Det vart helst nattarbeid når dyra skulle av stad. Og det hende at dei kom ned kvelden før og fekk dyra om bord. Sjølve låg dei i salongane. Dette var ei rein venneteneste frå mannskapet si side. Dei kunne ha nekta, men gjorde det sjeldan trass i ulempene som følgde med. Det verste var, fortel Øystein Øye, at dyra vart plasserte framme under bakken, rett over mannskapslugarane. Med tramping, rauting eller breking i "overetasjen" var det ikkje rare søvnen å få den natta. Men eigentleg var dette typisk for holdninga til mannskapet. Dei var innstilte på å vera til teneste for folk.

Buskapen måtte ikkje berre leverast på kaien, han måtte følgjast til byen. Då kunne det vera dyr frå 10-15 ulike eigarar ombord, så ein måtte vera god til å kjenna sine. Ofte brukte dei eit ekstra tydeleg merke, ein malingsflekk eller liknande.

Og det kunne vera store laster til sine tider. Øystein Øye fortel at dei på ein tur med "Hjelmelandsfjord" hadde med 600 sauer og 50 griser. Det var fullt over alt, framme under bakken og oppå bakken, atterut fullt både på bildekket og promenadedekket. Vel framme i byen skulle så buskapen på land og båtane spylast reine. Sjøen kunne vera brun og grøn frå hamna og ut til Sølyst etter ein omgang med spyling når det var på det verste.

Marken

Sjølvsagt var det litt slaktetransport jamnt fordelt over heile året. Men haustane var naturleg nok høgdepunktet. Dessutan var det markenstider siste tysdag i oktober. Det var og ei storhending og dyr laut transporterast fram og tilbake. Skulle buskapen fornyast, så var det å ta seg ein tur på marken. Eller kanskje ein var ute på bytehandel. Alt slikt kunne ordnast på marken.

Varer ut av bygda på fraktefartøy

Men bøndene i Erfjord dreiv ikkje berre med husdyr. Mange av dei har mykje skog og i eldre tider var skogsdrift ei viktig attåtnæring. Slik var det og utover i 50-åra. I dag er det heller få som driv aktivt i skogen sjølv om det er ein liten oppsving nar det gjeld ved.

Ved

I eldre tider vart det hogge mykje ved i Erfjord både til eige bruk og for sal ut av bygda. Hadle Haaland fortel at dei kunne ta ut frå 100 til 150 famnar ved på garden pr. sesong, sjølvsagt med leigd hjelp. Det var helst bjørkeved. Og veden måtte transporterast til sjøen. Det kunne gjerast på fleire måtar, løyping på streng, køyring med hest eller fløyting som i Hålandsdalen. Hadle Haaland fortel at dei lødde opp veden langs elva og venta til elva var passeleg stor. Så lempa dei han utpå og fløytte han (eller løypte som dei sa) ned til Hålandsosen. Litt svinn var det sjølvsagt, men det var rask og rimeleg køyring.

 

Veden skulle så fraktast ut av bygda. I eldre tider var det eigne seglfartøy, jekter, som førte veden. Seinare ,serleg etter krigen, var det frakteskøytene i bygda som stod for denne trafikken. Før krigen var det anten slik at skogeigaren leigde fartøyet for transport eller han selde veden til fartøyeigaren som så selde han vidare. Under krigen vart så Rogaland Skogsamlag skipa, og overtok distribusjon og sal. Dei kjøpte opp av bøndene og stod for frakt av veden, dvs. dei leigde fartøy.

Totalt vart det nok levert mange hundre famnar ved ut av bygda pr. sesong i denne tida. Det meste gjekk til Stavanger/ Sandnes-distriktet.

Løer

Det vart også hogge tømmer til skur. Dette vart skore på sagbruk i bygda. I den tida var det fire-fem stykke, to av dei dreiv noko meir enn dei andre. Ein del material vart sjølvsagt levert innanbygds, men noko vart selt andre stader. Det kunne vera t.d. ein bonde på Jæren som skulle byggja ny løe og trong materialar. Dei vart gjerne tinga på eit sagbruk i Ryfylke, t.d. i Erfjord. Som regel var det ei skøyte som stod for transporten. Store ting som sperrer o.a. vart teke på slep dersom plassen om bord var liten.



Situasjonen før ruta

MJØLKERUTA

Slik sambandet med Erfjord var i gamal tid, var det umogleg å få levert mjølka til det næraste meieriet som låg på Sand. I gamle dagar var einaste utvegen å foredla mjølka heime, dvs. kinna smør og eventuelt ysta. Ein dreiv ikkje kyrne så intensivt i dei dagar. Dessutan var det ikkje så mange kyr på kvart bruk heller, sjeldan meir enn seks-sju og det var ofte små vestlandskyr. Mjølkeproduksjonen var ikkje serleg stor for bygda sett under eitt. Men det var likevel eit heilt arbeid med mjølka. Det heimelaga smøret vart gjerne levert til handelsmennene, andre leverte til meieriet og atter andre hadde faste kunder i byen. Men denne driftsmåten vart ulønnsam og det heimelaga smøret kom av moten.

Oppretta 1947

Ruteopplegg

I I947 vart det starta ei mjølkerute frå Jelsa og Foreneset til Sand etter ønske frå bøndene i området. Magnus Fuglestein var den som fekk jobben. Det kom på tale å forlengja ruta innover til Erfjord. Fuglestein fortel at han var inne i Erfjord og agiterte for oppslutning om forlenging. I april 1948 vart så ruta sett i gong. Ruteopplegget var: Frå Vik i sju-tida til Hålandsosen, Erøyvik, Erøy, Tednes, Bogsund og vidare oppom mange stader på Jelsalandet og i Sandsfjorden til Marvik i korrespondanse med ei anna rute til Sand. Seinare vart Erfjord-ruta forlengja til Sand. Turen tok då omlag tre timar. Det var retur frå Sand i to-tre-tida om ettermiddagen. Båten kom til Erfjord i fem-seks-tida. Om somrane gjekk ruta kvar dag, vinterstid fire dagar i veka.

 

Dagløna den første tida var kr 22,- , fortel Magnus Fuglestein. Han hadde alltid med ein mann som fast mannskap. Og det var 12-timars dag for begge.

Mjølkemengd

Den første båten var ein vanleg open motorbåt med kahytt. I den første tida var dette meir enn stor nok kapasitet .Til saman for heile ruta var det ca. 20 spann på rundt 20-30 liter kvart pr. tur. I løpet av dei 20 åra ruta gjekk, auka mjølkemengda til meir enn det doble samstundes som mange småleverandørar fall av lasset så og seia.

 

Likevel er det først etter at vegen kom, bøndene har byrja å driva effektiv mjølkeproduksjon for alvor. I dag er det tankbilar frå meieriet som køyrer rundt og hentar mjølka.

Andre varer

Grunnlaget for ruta var mjølka. Men andre varer følgde med. Det var helst til andre bygder langs ruta, mindre til Erfjord. Kvar dag var det brød til Tjeltveit pa Jelsa, dessutan gjerne kraftfor og sement frå Sand til stader langs ruta. Om haustane følgde dyr, opp til 5-6 på ein gong, til slakt hjå Marvik på Sand. Det for lite slaktedyr frå Erfjord til Sand. Men dersom ein bonde i Erfjord ville byta til seg ein kalv frå Høyvik t.d., var mjølkeruta utvegen for transporten. Og det var mjølkeruta som førte mesteparten av materialane til Erøyvik Båtbyggjeri i Erfjord. Dessutan vart mjølkebåtskipperen ofte spurd om å gjera innkjøp for folk på Sand. Det kunne vera mange ærend kvar gong .

Ny båt

Mjølkemengda auka, som nemnt. Dette gav grunnlag for å skaffa ny båt. Fuglestein har hatt fleire båtar. Den mest kjende og den som gjekk lengst, var "Kløver", bygt ved Erøyvik Båtbyggjeri i 1954. Den var på 45 fot og gjekk i ruta til ho vart nedlagd i 1966, då vegen til Sand kom.

Passasjertrafikk

"Kløver" hadde fin passasjersalong og eigna seg godt for reisande, og det var mange som følgde til Sand eller mellomstader. For Erfjordbuen var mjølkeruta ein ny og enklare måte a koma seg til Sand på sjølv om det tok ei tid, Det hende at einkvan følgde mjølkeruta til Jelsa og reiste vidare med rutebåt til byen. Dei kunne dermed reisa heimanfrå seinare på morgonen, etter mjølketid.

Ver-/isproblem

Det var elles ei rute ein kunne stola på. Dei verste isvintrane måtte ein sløyfa ymse stoppestader som Vik og Erøyvik. Ein vinter skeiste folk på sida av båten. Så sterk var altså isen, men båten tok seg då fram. Rundt Jelsa kunne det vera mykje hardt ver og dessutan straumsjø. Det kunne bli mange harde tørnar å koma seg rundt der.

 

Når ruta gjekk om morgonen, måtte bøndene møta på kaien med mjølka. Fuglestein fortel at han kjenner dei fleste bøndene frå denne tida. Alle hadde tid til ein liten prat på kaien eller over rekka. Og dersom det følgde passasjerar, var dei gjerne med i styrehuset for å prata. Ein får ikkje den kontakten med folk på ein buss, seier Fuglestein som i dag har sjåførjobb.

Mjølk til konsum måtte tingast pa førehand. Det vart ordna gjennom handelsmannen. Når mjølkebåten kom frå Sand om ettermiddagane, hadde han med konsummjølka. Den kom i store meierispann. Då var det å stilla opp på kaien med eit spann av høveleg storleik. Der stod så einkvan, oftast handelsmannen, og auste oppi til kvar enkelt dei litrane som ein hadde tinga.









Bygda delt

SJØTRANSPORT INNAN BYGDA

Erfjord er ei bygd oppdelt i grender som var avhengige av sjøvegen for sambandet seg i mellom. Etter kvart vart det bygt ein del vegstubbar mellom ymse deler, t.d. mellom Hålandsosen og Fjell-bygda, Tednes-Erøy-Lovradalen, og Erøy-Bogsund. Dessutan vart det utover i 50-åra arbeidd på det som skulle bli Ryfylkevegen sørover til dei gardane som ligg der, Vågane og Kilane.

Sjøvegen var viktig

Men fjorden delte framleis bygda i to, Hålandsosen med Fjell-bygda på eine sida og Erøy, Lovradalen og Bog pa den andre. Dessutan var det enkelte gardar som lengen ikkje hadde vegsamband t.d. Sandvik ytst i Erfjorden, og gardane innst i Tyssefjorden, Sørhus, Tysse og Rød. Så sjøen var ein viktig framkomstveg.

 

Erfjord var eigen kommune frå 1913 til 1965, då den store kommunesamanslåinga fann stad. Kommuneadministrasjonen, det vesle som var i den tida, låg i Hålandsosen. Kommunestyremøta vart haldne på bedehuset der. Hålandsosen er også kyrkjestad. Så dei fleste Erfjordbuar hadde eit ærend dit av og til. Dessutan ligg sparebanken der.

Og var det tilstelningar av ymse slag, det vere seg alt frå basar til dans, så var det å ta seg fram sjøvegen. Likeeins om ein ville av garde til nabobygder anten det var på vitjing eller ei tilstelning, båten var uunnverleg.

Naust på kvar gard

Alt dette medførte at kvar gard, ja kvar husstand som låg nede ved fjorden hadde sin båt og naust. Så og seia alle hadde robåt og mange hadde motorbåt. Ein kan gjerne seia det var den tids bil. Framleis er det svært mange som har båt. Men det er helst til fritidsbruk og fiske.

Rutebåt og mjølkebåt

Dei fleste hadde altså eigne båtar, men det hende at folk nytta rutebåten eller mjølkebåten dersom det høvde. T.d. hende det at folk frå Hålandsosen tok båten til Vik og fekk skyss, eventuelt gjekk, til Erøy om dei ville på eit møte der ein kveld. Men dei måtte få seg båtskyss heim.

Skulerute

Ei tid gjekk det innanbygds skulerute frå Eiavågen oppom Hålandsosen til Vik. Då sentralskulen for bygda kom i gang i Vik i 1960, og grendeskulane rundt om i bygda vart nedlagde, måtte elevane frå Hålandsosen og gardane sørover til og med Ytre Eiane transporterast til skulen med båt. Det var ei skøyte som gjekk i denne ruta og ho gjekk til brua vart opna i 1963.

Brua

På den tida hadde det kome ein del bilar til bygda. Brua var det leddet som mangla for at bygda skulle verta knytt saman med bilvegar. Det innebar ei heilt ny tid for bygda då brua vart opna for trafikk.

 

ANNAN TRANSPORT PÅ SJØEN

Dokter, prest, lensmann, dyrlege budde alle utanbygds. Ikkje nok med det, dei budde på kvar sin stad: Dokteren pa Hjelmeland, presten og lensmannen pa Jelsa, og dyrlegen pa Sand.

Dokter

Dokteren hadde eigen skyssbåt med skysskar. Turen frå Hjelmeland tok ein times tid og kanskje vel så det. I tillegg kom tida dokteren og skysskaren trong for å gjera seg klar, så det kunne ta si tid frå telefonen ringde og til dokteren var på staden.

Prest

Presten hadde og eigen skyssbåt med skysskar. Erfjord høyrer til Jelsa prestegjeld frå gamalt av. Erfjordkyrkja vart bygd i 1877. Før den tid rodde folk til Jelsa når dei skulle til kyrkje. Seinare var det slik at gardane hadde plikt til å skyssa presten. Dette gjekk på omgang frå gard til gard.

Lensmann
Dyrlege

Lensmannen hadde eigen båt å ta seg fram med anten han nå kom beden eller ubeden. Og dyrlegen hadde den utruleg tungvinte vegen til Sand å baskast med. Ofte let ein bonde dyret fara dersom det dreia seg om eit mindre verdfullt dyr i staden for å henta dyrlegen ein lang og omstendeleg veg.

 

For alle desse fire galdt det at veret kunne vera ei alvorleg hindring, ja til og med stansa dei. Fjorden kunne vera farleg, men som oftast kom dei seg fram.

Handelsreisande og agentar

For handelsmennene var det og andre tider. I dag køyrer agentane rundt med bilar og leverer varene på staden når det gjeld mindre ting. Før i tida reiste dei rundt i skyssbåtar. Det var folk som dreiv slik skyssfart t.d. Kjosavik i Hillevåg. Fleire agentar, gjerne frå konkurrerande firma, kunne slå seg saman om ein båt og dra frå stad til stad innover i Ryfy1ke. Dei hadde med seg prøvar o.l. til demonstrasjon, men ikkje varer. Så kunne handelsmennene tinga varer som seinare kom med rutebåten.

 

OPPSUMMERING

Dei fleste varer til det daglege virke kom pa rutebåten, det meste gjekk gjennom handelsmennene. Ekstra store parti last som ferdigskorne hus, dessutan sand av ymse slag kom på fraktefartøy.

Frukt og slaktedyr vart sendt til byen på rutebåten. Ved og større trelastprodukt som ferdigskorne løer gjekk ut fjorden på fraktefartøy.

Det var ei mjølkerute som transporterte mjølka til meieriet på Sand og tok med konsummjølka tilbake. Den førte også ein del andre varer. Bygda var i hovedsak delt i to av fjorden. Kommunikasjon mellom desse to delane føregjekk med båt, robåt eller motorbåt. Folk flest hadde i det minste eigen robåt, mange hadde motorbåt.

Lensmann, prest, dokter, dyrlege budde alle utanbygds og måtte transporterast inn sjøvegen, anten i eigen båt eller i skyssbåt. Handelsreisande og agentar reiste rundt i eigne skyssbåtar.