Del 3

 

INNLEIING

Dette at bygda var så avhengig av sjøen og sjøvegen, hadde også andre konsekvensar og verknader enn dei reint transportmessige. Her var båtbygging, det var arbeid å få på rutebåtane. Folk reiste med rutebåten når dei hadde ærend i byen og elles om dei skulle ut på lengre reiser. Så var det dampatida då dampen eller rutebåten kom frå byen, eit viktig tidspunkt på dagen.





Tidlegare tradisjon - lite

BÅTBYGGING

Bygde så Erfjordbuen båtane sine sjølve, eller fekk dei tak i båtar andre stader ifrå? Her er svaret eit både og. Frå gamalt av har det vore litt båtbygging i Erfjord, men ikkje i stor stil. Det vart bygt enkelte småfartøy og robåtar, ja til og med mindre føringsfartøy på omlag 30 fot. Men det vart aldri noko større verksemd utav dette. Folk kjøpte seg robåtar, hardingbåtar, i Stavanger når det trongst. Om haustane låg det ofte jekter eller skøyter frå Hardanger langsmed kaiane og selde båtar. Det var og firma i Stavanger der ein kunne fa kjøpt båt.


Ny verksemd
Erøyvik båtbyggeri

I 1946 var det så to unge som starta Erøyvik Båtbyggeri på Erøy. Ingen av dei hadde noko samband med båtbyggjartradisjon frå før. Dei to, Trygve Erfjord og Åsvald Erøy, vart spurde om å ta eit båtbyggjararbeid i Sunnhordland. Dette vekte interesse for alvor og dei sette så i gong med båtbygging i Erfjord.

Det første oppdraget var fornying av ei skøyte som to Erfjordbuar åtte. Og timelønna i den første tida var kr. 2,75. Seinare hadde dei fleire reparasjonar på båtar.

Bygde
fiskefartøy

Men det var flest nybygg. Trygve Erfjord fortel at det er fiskefartøy i storleik 60 til 70 fot dei har bygt. Eit unntak er "Kløver", mjølkebåten. Men den og var av fiskebåttype.

 

Materialane kom helst frå Svendsen på Sand. Ein del kom og frå Barkeland på Jelsa. Materialane vart som nemnt førte inn med mjølkebåten, oppå spanna. Dei gjorde så godt som alt arbeid sjølv, sveisearbeid, innstallasjonar, montering av motorar, til dels også det elektriske.

Dei fleste fartøya vart leverte i Ryfylke-Karmøy-distriktet. Men det siste byggenummeret ein sjark, gjekk til Sandnessjøen. "Kløver" og "Bøen Senior" er nemnde. Det var leveransar til Erfjord.

Det var som sagt fiskefartøy og mange av dei gjekk på sildefiske så lenge det varte, seinare på brislingfiske. Nå for tida er det lite fart i fiske.

Tilsette

På det jamne var det 10-12 tilsette. Men under ekstra store oppdrag som reparasjon av ferja "Suldalsporten" kunne det vera opptil 20 og vel så det. I dag er det fire brør som driv i lag. Dei byggjer for tida ikkje båtar, men driv produksjon av trapper og vindauger i nyreist industribygg. Dette er produksjon som meir eller mindre har gått parallellt med båtbygginga tidlegare. Men byr det seg ein sjanse, blir det kanskje fleire båtar, seier Trygve Erfjord.

Arbeidstid og arbeidsforhold

RUTEBÅTANE SOM ARBEIDSPLASS

Mannskapet på rutebåtane var oftast folk frå Ryfylkefjordane. Dei hadde lange og travle dagar, både skipper, matros og maskinist. Den første tida var det ikkje tale om ordna forhold med skikkeleg fritid og denslags. Men det kom seg etter kvart. I 1950-åra var arbeidsrytmen tre veker om bord og ei veke fri.

 

Det var lange dagar. Mannskapet måtte opp i femtida, maskinisten gjerne endå tidlegare for å få i gang maskineriet. I tida med dampdrift var det eit heilt arbeid. Så var det å gå ruta med mange stoppestader, framme i byen i 10-tida. Her var det lasting og lossing. Retur frå byen var om ettermiddagen. Arbeidsdagen var vanlegvis slutt i åtte-tida, men av og til kunne han vara til elleve-tida.

Tenester for folk

Midt på dagen var det gjerne pause i arbeidet, men så var det andre oppdrag. Øystein Øye fortel at dei hadde ærend for folk mest kvar dag. Det kunne vera å henta apotekvarer, handleærend, levera ting til reparasjon og anna. Ja, det hende at handelsmennene kom med penger som skulle setjast i banken. Mannskapet var gode å ty til, lette å be om kva det skulle vera.

Servering

Det var servering om bord i dei fleste båtane. I den første tida var det mannskapet som kokte kaffien og prisen var 10 øre koppen. Øystein Øye fortel at det ein gong kom to koner og ville dela ein kopp så det vart 5 øre på kvar. Seinare var det restauratørar som stod for serveringa, kaffi og smørbrød, både for passasjerar og mannskap.

 

Mannskapet hadde kosten om bord, inkludert i løna. Det var fire faste måltid om dagen, og maten var god. Det same galdt for lugartilhøva, ialle fall på dei nyare og større båtane. På dei gamle kunne det av og til vera så som så.

Vertilhøve

Skodde og snøtjukne

Elles så var veret ein vesentleg faktor for arbeidstilhøva, Storm, regn og snø kunne gjera dagane sure. Det hende vel nesten aldri at rutebåtane måtte gi seg for storm og uver i dei innelukka Ryfylkefjordane. Verre var det med skodde og snøtjukne i tider utan radar. Då var det å gå etter klokka og kompasset, dvs. ein hadde oppskrive for heile ruta kursar og tidsdifferansar for kor lenge ein skulle gå på dei ulike kursane, målt etter vanleg marsjfart. Skipperen måtte vera pinleg nøye både med kompassnål og tidtaking innover fjordane. Ein måtte sjølvsagt gå med vanleg marsjfart endå om skodda låg grauttjukk. Det kunne endå gå an i vanleg skodde med lite vind og lite straum. Men i snøtjukne med både vind og straum var det vanskeleg.

 

Olav Erøy fortel korleis dei gjorde det ein gong dei skulle inn til Bogsund i Erfjord i tjukk skodde. Her er det eit smalt innløp med bratte fjellsider omkring. Erøy visste etter å ha gått på klokka og kompasset at nå var dei like utanfor innløpet. Så sende han ein mann fram i baugen oppå bakken og brukte fløyta for å nytta ekkoet frå fjellsidene samstundes som båten seig varsamt innover. Når ekkotida vart farleg kort, sa mannen i baugen ifrå. Så var det å bakka ut og prøva i ein litt annan retning. Slik lirka dei seg smått i senn innover. Samstundes stod det folk på kaien i Bogsund og slo på eit oljefat så dei hadde den lyden å gå etter. Dei kom seg då trygt til kai til slutt.

 

BYREISER

Byreiser måtte til stundom. Folk reiste ikkje serleg ofte til byen. Det var helst når ein hadde samla opp ein del ærend at ein tok seg ein bytur.

Litt om reisemønster

Men det var tider på året då folk reiste meir enn elles. Markenstider er nemnt. Då var det mykje reising. Mange hadde ærend til byen då. Elles var det eit lite høgdepunkt før jul om enn ikkje slik som nå for tida.

 

Det var eitt høve ein kunne vera trygg på at båten var full med folk, nemleg når det var generalforsamling i Jøsenfjordselskapet. Alle som hadde aksjer, ei eller fleire, fekk gratis reis til byen. Det var mange som nytta den sjansen.

Etter kvart var det fleire, kanskje serleg yngre folk som tok seg arbeid i byen. Dei reiste gjerne fram og tilbake i helgene. Likeeins var det for ungdom som tok utdanning i Stavanger eller kanskje lenger sør, på Bryne. Dette peikar fram mot det mønsteret ein har i dag med mykje reising i helgene både av skuleelevar, og andre som skal innover til heim, til slekt og vener eller kanskje dei fleste på hytta.

Fellesskap om bord

Folk treivst om bord i båtane sjølv om det vart lange dagar. Dei samla seg gjerne rundt småborda i salongane og drøste kaskje med folk frå andre bygdelag langs ruta. Så kjøpte dei kaffi og smørbrød av restauratøren. Om bord i Jøsenfjordselskapet sine båtar kunne ein få det for ein rimeleg penge. Det var mange gilde stunder omkring ein kaffikopp på rutebåten. Folk følte seg heime om bord der. Praten gjekk livleg om laust og fast, helst om hendingar og problem frå dagleglivet, fortel Hadle Haaland, det var mindre om verdensproblem.

 

DAMPATIDA

Ordet dampatid er eit velkjent omgrep i Ryfylke. Det var tida då rutebåten kom frå byen. Det skriv seg naturleg nok frå den tida det var dampdrift. Men ordet vart hangande igjen lenge etter at siste dampbåten vart borte.

Samlingstid på kaien

Men dampatida var sjølve pulsslaget frå utanverda til eit isolert samfunn. Då kom post og aviser. Folk som hadde vore i byen kunne fortelja nytt eller mannskapet hadde kanskje eitkvart å fortelja. Det kom gods og varer frå byen, kanskje nye ting som kom til bygda for første i gong, som regel var det varer av det slaget som bygda trong i det daglege strev og virke.

Mange møtte fram på kaien om kvelden. Det var ei møtetid for folk i bygda. Folk kom for å treffast, for å få vita nytt, for å sjå på 1ivet, kven som hadde vore ute på reis, kva varer som kom, eventuelt kven som skulle ha dei osv.



Henta varer, ta mot gjester

Handla, henta post

Mange hadde ærend. Dei skulle henta varer eller kanskje ta mot gjester. I alle høve var det tid for å henta posten. Den kunne hentast inne på krambua for handelsmannen var vanlegvis også postopnar. Samstundes var det mange som nytta høve til å handla, serleg dei som budde langt frå kaien t.d. folk frå Fjell-bygda. Handelsmannen stengde ikkje før alle hadde fått sitt og var gådde. Då var klokka gjerne blitt 8-9 om kvelden, så det var lang arbeidsdag for handelsmennene, 12 timar eller vel så det. Ikkje så rart at dei rundt 1960 bestemte seg for å stengja klokka 6 om kvelden altså før båten kom. Mange reagerte på dette til å byrja med. Dei miste sjansen til å samlast inne på krambua for å handla når båten kom. I dag er vanleg stengetid klokka 4 som for forretningar flest.

Arbeidstid for handelsmennene

Handelsmennene hadde det elles travelt nok når båten kom. Dei skulle ta mot varer og få dei i hus. Det var ikkje så lange vegen når varene vart heiste ned på kaien. Det var ikkje vanskeleg å få ei hjelpande hand dersom det trongst.

Isbrua

Men t.d. under krigen var det nokre harde vintrar med så sterk is på fjorden at båten ikkje klarte å koma inn til kai. Han la til ved iskanten uti fjorden. Så måtte folk gå eller køyra med hest utover isen. Det kalla dei å gå isbrua. Båten kunne liggja så langt ute at det tok over ein time å gå. Det var det eit heilt arbeid å fa folk og varer tillands.

 

OPPSUMMERING

Det vart bygt båtar i bygda frå gamalt av, ikkje i stor stil. Men i 1946 var det to unge som starta eit båtbyggeri. Dei bygde fiskefartøy og reparerte fartøy.

Rutebåtane var ein viktig arbeidsplass. Det var travelt med lange dagar når ein var om bord. Mannskapet var innstilte på å vera til teneste for folk. Dei utførte ofte ymse ærend for folk i byen.

Byreisene var gode opplevingar. Folk reiste til byen serleg om hausten, markenstider, og kanskje noko før jul. Folk koste seg om bord, drøste både med folk heimanfrå og folk frå andre bygder langs ruta.

Når båten kom frå byen om kvelden, samlast folk på kaien, for å treffast og sjå på livet, få vita nytt, handla, henta post eller utføra andre ærend. Båten var pulsslaget utanfrå.