HEIM FRAMSIDA INNHALD FORORD INNLEIING DEL 1 DEL 2 DEL 3 AVSLUTNING KJELDER


FORORD

 
Efjord
Hålandsosen og litt av Tednes
I denne oppgava har eg valt å ta for meg ei bygd i Ryfylke, Erfjord, og behovet for transport på sjøen i denne bygda. Den viktigaste grunnen min til å velja Erfjord, er at det er heimbygda mi. Dessutan var det tidlegare ei av dei mest isolerte bygdene i Ryfylke. Eg har valt å ta for meg perioden etter krigen fram til omkring 1965, det året Ryfylkevegen som i dag går gjennom bygda, vart opna. Fram til då hadde bygda berre sjøvegen som samband med omverda. I denne perioden heng framleis mykje av "gamle dagar" att i transportsystemet. Eg vil prøva å få fram eit bilete av korleis transportbehova for bygda vart løyste.

Så vil eg takka konservator Egil Grude ved Sjøfartsmuseet i Stavanger. Han var til stor hjelp når det galdt å koma i gang med oppgåva, stilte villig opp med kasettspelar og var med til Erfjord for å laga intervju med folk i bygda. Oppgåva byggjer i hovudsak pa desse intervjua.

Eg vil og takka dei som villig stilte opp og let seg intervjua.


Forrige Innhald Neste