HEIM FRAMSIDA INNHALD FORORD INNLEIING DEL 1 DEL 2 DEL 3 AVSLUTNING KJELDER


INNLEIING

Erfjord er ei bygd som ligg inne i ein av Boknafjorden sine mange fjordarmar. Hovudleveveg er jordbruk, men fiske var og viktig før i tida, då helst som attåtnæring.

 
Efjord
Hjelmelandsfjord rundar Tednes og Erfjord kjem til syne
Fjorden deler bygda opp i grender, så for ein del år tilbake var sjøen ein viktig transportveg innan bygda. Dette var slik fram til opninga av riksvegbrua i 1963. Heilt til opninga av Ryfylkevegen i 1965 hadde bygda berre sjøvegen som fast samband med utanverda. Det var svært tungvint å ta seg fram til nabobygder. Eit døme er vegen til Sand. Først var det å køyra, eventuelt gå, 4 km oppover Lovradalen til Lovravatnet. Så var det ein time å ro på vatnet til Lovraeidet, gå over eidet og deretter ein god time i motorbåt som måtte tingast på førehand, før ein var framme på Sand. Bygda var såleis ei av dei mest isolerte i Ryfylke.

1 1855 vart DSD oppretta med formål å driva rutetrafikk på Ryfylkefjordane. Erfjord kom ikkje med i ruteopplegget før i 1870-åra med D/S "Haukelid". I den tida var det dampdrift og ordet "dampen" skriv seg naturleg nok frå denne tida.

Seinare, frå ca. 1900 gjekk Ryfylke dampskipsselskap på Erfjord i ein del år. I 1920 vart så Jøsenfjord Rutelag skipa. Dette selskapet kom til å driva rutetrafikk på Erfjord og andre fjordar etter avtale med DSD. Frå 1920-åra var altså mønsteret etablert som kom ti1 å prega rutefarten i Ryfylke dei neste 50 åra.

Rutebåten var i mange år det einaste faste sambandet. I tillegg var det føringsfartøy og frakteskuter. I 1947 vart det så oppretta ei mjølkerute. Den gjekk til vegen vart opna. Dessutan hadde dei fleste som budde nær sjøen eigen båt, i det minste ein robåt for å ta seg fram innan bygda.

Forrige Innhald Neste